Bhaji on the Beach
RegiGurinder Chadha Sjå dette på Wikidata
ManusMeera Syal Sjå dette på Wikidata
MedverkandeKim Vithana, Zohra Sehgal, Shaheen Khan Sjå dette på Wikidata
MusikkJohn Altman Sjå dette på Wikidata
DistributørFirst Look Studios Sjå dette på Wikidata
Utgjevingsdato1993, 5. mai 1994 (Tyskland)[1]
Lengd101 minutt Sjå dette på Wikidata
OpphavslandStorbritannia Sjå dette på Wikidata
Språkengelsk
Sjangerdramakomedie Sjå dette på Wikidata

Bhaji on the Beach er ein britisk komedie- og dramafilm frå 1993 regissert av Gurinder Chadha og skriven av Meera Syal.

Handling

[endre | endre wikiteksten]
Blackpool Illuminations

Ei gruppe britiske kvinner, dei fleste panjabiar frå ulike religiøse bakgrunnar og generasjonar, dreg til Blackpool for å sjå lysutstillinga Blackpool Illuminations. Spenningane mellom generasjonane, mellom tradisjon og modernisme og dei ulike personlege problema til kvinnene flammar opp i løpet av utflukta.

Simi, leiaren for gruppa, har moderne syn på feminisme som dei eldre kvinnene misliker. Ho greier likevel vera ein omsorgsfull person som held deltakarane samla til trass for motsetningane deira. Ginder er i ferd med å lausriva seg frå ein mishandlande og kriminell ektemann saman med den vesle sonen sin, og må kjempa mot stigmaet med å vera einsleg forelder og mot sonen sine bøner om å få ha både ei mor og ein far igjen. To gutegalne tenåringsjenter møter misnøye hjå dei konservative eldre kvinnene. Hashida er ein lovande elev som snart skal studera medisin, men som ville føretrekka å studera kunst. Ho har skjult den afro-karibiske kjærasten Oliver frå familien i eit år, men no er ho gravid med han, og dei må velja kva dei skal gjera og om forholdet vil klara presset frå sosial mistru. Asha, ein from hindu og Bollywood-fan, lever eit keisamt liv i daglegvarebutikken ho og mannen driv, og finn spaning og ein måte å oppfylla tapte draumar i eit liv med ein sjarmerande, eksentrisk engelsk skodespelar i Blackpool. Samtidig føler ho at ho må bli verande i ekteskapet sitt.

Til slutt har dei fleste historiene open ende. Ein får ikkje sjå kva som hender med Asha eller Oliver og Hashida, og dei siste scenene med desse figurane verker nokså nøgde, men ikkje konklusive. Ginder og sonen flyktar frå den valdelege ektemannen hennar, og dei mest konservative medlemmene i gruppa får ei humoristisk oppleving i ein strippeklubb.

Motaking

[endre | endre wikiteksten]

Sight & Sound sa om filmen at han inneheld observasjonar om vanlege fordommar og kva det ville seia å vera ein yngre britisk-asiat.[2] Rotten Tomatoes samla meldingar frå 8 kritikarar som samla gav filmen ein skår på 88 %.[3][4][5][6][7][8]

Roller

[endre | endre wikiteksten]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
  1. Lexikon des internationalen Films (på tysk), Zweitausendeins, Wikidata Q1822317 
  2. Anwar Farrah (February 1994). «Bhaji on the Beach». Sight and Sound 4 (2): 47–8. 
  3. «Bhaji On the Beach». Rotten Tomatoes. Henta 14. september 2013. 
  4. «'Bhaji on the Beach'». Washingtonpost.com. Henta 14. september 2013. 
  5. Sragow, Michael. «Bhaji on the Beach». The New Yorker. Henta 14. september 2013. 
  6. Liebenson, Donald. «Bhaji On The Beach Movie Review (1994)». Roger Ebert. Henta 14. september 2013. 
  7. «MOVIE REVIEW : 'Bhaji on the Beach': More Than Sand, Surf : Gurinder Chadha's film is an insightful look at the difficulties of bridging cultures and generations, but it never forgets to have fun. - Los Angeles Times». Articles.latimes.com. Henta 14. september 2013. 
  8. Maslin, Janet. «Movie Review - Bhaji On the Beach - Review/Film Festival; Cultures (and Sexes) Clashing in England - NYTimes.com». Movies.nytimes.com. Henta 14. september 2013. 

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]