Bergsveinn Birgisson

Statsborgarskap Island
Fødd 30. august 1971 (52 år)
Reykjavík
Yrke skribent, lyrikar, filolog, litteraturhistorikar, folklorist, omsetjar
Bergsveinn Birgisson på Commons

Bergsveinn Birgisson (fødd 1971) er ein islandsk forfattar og doktor i norrøn filologi.

Han er utdanna som norrønfilolog frå Háskóli Íslands, Universitetet i Oslo og Universitetet i Bergen, og tok dr.art.-graden ved UiB med ei avhandling om skaldediktinga.

I 2012 vart han nominert til Nordisk råds litteraturpris for romanen Svar við bréfi Helgu. Boka er omsett til norsk av Johannes Gjerdåker og utgjeven som Svar på brev frå Helga på Pelikanen forlag. I 2013 vart han nominert til Brageprisen for Den svarte vikingen (Spartacus), som er skriven på norsk (bokmål). I oktober 2015 gav han ut Geirmundar saga Heljarskinns på Island. Det er ein roman om stamfaren Geirmund Heljarskinn, som han skreiv faglitterært om i Den svarte vikingen. Bergsveinn har òg omsett nokre dikt av Olav H. Hauge til islandsk.

Bergsveinn Birgisson bur i Bergen.

Bøker

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]