Barbara Hershey | |||
| |||
Fødd | 5. februar 1948 (76 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Hollywood i California i USA | ||
Fødenamn | Barbara Lynn Herzstein | ||
Aktive år | 1966–d. d. | ||
Verka som | Skodespelar | ||
Mor | Melrose Moore | ||
Far | Arnold Nathan Herzstein | ||
Ektefelle | Stephen Douglas (1992–1993) | ||
Sambuar | David Carradine, Naveen Andrews | ||
Prisar | Primetime Emmy Award for Outstanding Lead Actress in a Miniseries or a Movie, Golden Globe Award for Best Actress – Miniseries or Television Film, Beste kvinnelige skuespiller ved filmfestivalen i Cannes, Beste kvinnelige skuespiller ved filmfestivalen i Cannes |
Barbara Hershey (fødd 5. februar 1948 i Hollywood i California), fødenamn Barbara Lynn Herzstein,[1] tidlegare kjend som Barbara Seagull,[2] er ein prispåskjøna USA-amerikansk filmskodespelar. Ho har arbeidd i filmbransjen i snart 50 år, og har skildra ei rik mengd roller i både film og fjernsyn. Hershey har jobba i dei fleste genrar; alt ifrå westernfilmar til komediar. Skodespelaren var 17 år da ho hadde skodespeldebuten sin i 1965, men fekk ikkje anerkjenning blant kritikarar før på 1980-talet. På den tida blei ho kalla «ein av USA sine beste kvinnelege skodespelarar» av dagsavisa Chicago Tribune.[3]
Hershey vann Emmy-prisen og ein Golden Globe for innsatsen sin i TV-filmen A Killing in a Small Town (1990). Ho blei også tildelt Golden Globe-nominasjonar for beste kvinnelege birolle for skildringane sine som Maria Magdalena i Martin Scorcese sin Jesu siste fristelse (1988) og Serena Merle i The Portrait of a Lady (1996). For sistnemnde film blei ho også nominert til Oscar for beste kvinnelege birolle.[4] I tillegg fekk ho to prisar fra filmfestivalen i Cannes for arbeidet sitt i filmane Shy People (1987) og A World Apart (1988).[5][6]
Ho har elles blitt nominert til British Academy Film Awards («BAFTA-prisen») to gongar; i 1987 for rolla som Lee i Woody Allen sin filmsuksess Hannah og hennes søstre, og i 2011 for rolla som Erica Sayers i den psykologiske thrilleren Black Swan.[7][8] I sistnemnde film spelte ho mot Natalie Portman, og hadde rolla som hennar overbeskyttande mor. I eit intervju har ho sagt: «Eg trur [Erica] er ei åtvaring om kva [Portman si rolle] kan bli dersom ho ikkje følgjer draumen sin.»[9] Ein filmmeldar i Bergens Tidende meinte Hershey spelte fælsleg,[10] mens Filmpolitiet meinte i meldinga si at det finst teikn til seksuelt misbruk mellom Portmans og Hersheys roller.[11] Ho blei nominert saman med resten av ensemblet bak Black Swan til ein Screen Actors Guild Award i 2010.[12]
Barbara Hershey erfarte konfliktar mellom privatlivet sitt og filmkarrieren da ho fekk eit rykte som ein «hippie». Da ho var saman med skodespelaren David Carradine blei ho gravid, og på denne tida møtte ho mykje motgang. Ho fekk det nye artistnamnet Barbara Seagull som ho i ettertid angra på, og privatlivet hennar blei latterleggjort i offentlegheita.[13] Det var ikkje før ho slo opp med Carradine og bytte artistnamnet sitt tilbake til Hershey at karrieren hennar slo gjennom.[14][15] På grunn av desse turbulente åra har ho ofte halde privatlivet sitt for seg sjølv.[13][16]