Bandkrossnebb | |
Bandkrossnebb Foto: John Harrison
| |
Status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Sårbar[1] | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Finkefamilien Fringillidae |
Underfamilie: | Carduelinae |
Slekt: | Loxia |
Art: | Bandkrossnebb L. leucoptera |
Vitskapleg namn | |
Loxia leucoptera Gmelin, 1789
|
Bandkrossnebb (Loxia leucoptera) er ein liten sporvefugl i finkefamilien, Fringillidae. Han har utbreiing frå nordaustre Europa, gjennom nordlege Asia til Nord-Amerika.
Dette er ein mellomstor fink, 14,5–17 centimeter i kroppslengd og med ein masse på 25–40 gram. [2] Begge kjønn er kjennelege på to kvite, breie vengeband mot elles mørke vengdekkfjører. Vaksne hannar har ein tendens til å vere raude eller rosa i fjørdrakta, og hoer er grøne eller gule, men det er mykje variasjon. Juvenile fuglar er grålege. Kroppsforma og nebbforma er kraftig, som typiske for slekta Loxia, men hovudet er mindre og nebbet noko spinklare enn til dømes hos furukrossnebb. [3]
Hekkeutbreiinga i Europa er i nordlegaste Russland og sporadisk i nordlege Finland, Sverige og Noreg. I Asia hekkar han i eit barskogbelte gjennom Russland til stillehavskysten, og litt inn i nordaustlegaste Kina. I Nord-Amerika hekkar han i Alaska og Canada kor ein finn barskog, og dessutan litt sørover inn i USA langs Rocky Mountains. Arten er i ei viss grad standfugl, men har eit stort område for vinteropphald i dei nordlegaste statane i USA frå kyst til kyst. I Asia er trekk meir uvanlege. Det kan førekomme streiff av større flokkar til Europa inkludert Noreg.[2]
Den europeiske populasjonen er estimert til 3-8,5 mill individ, og det er trudd å gjere ut for ca. 10 % av den globale bestanden.[4] For Noreg er estimatet på under 100 hekkande individ. I 2021 blei arten oppgradert frå livskraftig til sårbar (VU) på den norske raudlista for artar.[5]