Bambuspirol | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Kritisk truga Utbreiinga av verdas bambuspirolar er i små, defragmenterte område avgrensa til øya Luzon | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Pirolfamilien Oriolidae |
Slekt: | Pirolar Oriolus |
Art: | Bambuspirol O. isabellae |
Vitskapleg namn | |
Oriolus isabellae Ogilvie-Grant, 1894
|
Bambuspirol (Oriolus isabellae) er ein mellomstor sporvefugl og ein medlem av pirolfamilien som er endemisk for nordlegaste delen av øya Luzon, Filippinane.
Denne pirolen har ei lys gul til olivengul fjørdrakt, mest gyllen på undersida. Nebbet er i ei bleik blåtone. Kjønna er like. Kroppslengda er ca. 21–23 centimeter.
Bambuspirolar lever i låglands bambusskogar opp til 440 moh. Dei beitar både frukt og insekt og kan ofte slutte seg til fleirartsflokkar.
Bestanden er særs liten, i perioden 1961 til 1994 var arten trudd å vere utrydda, men blei funnen att i 1993.[1] Storleiken på populasjonen er estimert til å ligge mellom 75 og 374 individ inklusive ungfuglar, og er trudd å vere minkande grunna tap av det naturlege leveområdet på øya. Derfor vurderer IUCN status for arten som kritisk truga (CR).[2]