Ballangen kyrkje | |||
Ballangen kirke | |||
Foto: kirkenorge.no | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Nordland | ||
Kommune | Narvik | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Sør-Hålogaland | ||
Prosti | Ofoten | ||
Sokn | Ballangen | ||
Fellesråd | Ballangen | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | Høyer Ellefsen | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 6. juni 1923 | ||
Kyrkjegard | 500 m. sørom kyrkja | ||
Døypefont | Ved Helge Heimstad | ||
Altartavle | Ved Per og Emanuel Vigeland | ||
Sitjeplassar | 280 | ||
Ballangen kyrkje 68°20′22″N 16°49′14″E / 68.33944°N 16.82056°E | |||
Wikimedia Commons: Ballangen kirke |
Ballangen kyrkje er ei langkyrkje frå 1923 som ligg på Storhaugen i sentrum i Narvik kommune i Nordland fylke.
Kyrkja høyrer til Ballangen sokn i Ofoten prosti, og ho vart vigsla 6. juni 1923 av biskopen i Hålogaland, Johan Støren.
Ved kongeleg resolusjon 19.5.1923 vart det tillate å vigsle ei kyrkje oppført på garden Ballangen til bruk for oppsittarane på sørsida av Ofotfjorden i Evenes hovudsokn (gnr 32-72), og frå 1.1.1924 gjekk dette området over til eit eige Ballangen sokn.
Altertavla og inventaret er teikna av Emanuel Vigeland. Sonen hans, Per Vigeland, var meister for glasmåleriet i koret, som er altertavle i kyrkja.
Døypefonten er av marmor frå Hekkelstrand og laga av Helge Heimstad.
Kyrkja vart restaurert i 1998, og ho vart då tilbakeført til sin opphavlege stil.