Avosett | |
Avosett | |
Læte | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av Avosett | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes |
Familie: | Avosettfamilien Recurvirostridae |
Slekt: | Avosettar Recurvirostra |
Art: | Avosett R. avosetta |
Vitskapleg namn | |
Recurvirostra avosetta |
Avosett (Recurvirostra avosetta) er ein vadefugl i avosettfamilien.
Avosetten er omtrent 43 cm lang og har eit vingespenn på mellom 77 og 80 cm. Han har eit langt og tydeleg oppoverbøygd nebb. Fjørdrakta er for det meste kvit, med svarte område. Begge kjønn har same fargar. Unge fuglar har ei meir gråleg fjørdrakt. Beina er lange og blåaktige.
Namn på ulike språk | |
---|---|
Avosett | |
Svensk | |
Dansk | |
Engelsk | |
Tysk | |
Fransk | |
Spansk | |
Russisk |
Fuglane hekkar i tempererte delar av Europa og Vest- og Sentral-Asia. Dei fleste trekker til Afrika eller sørlege Asia om vinteren, men dei kan også overvintra i milde delar av hekkeområda, som sørlege Spania og sørlege England.
I Noreg har avosetten hekka på Jæren, der han særleg har vore ved Orrevatnet. Han kjem til reirplassen her i slutten av mars, medan egglegginga skjer i mai. Talet på avosettar i Noreg er likevel svært lite, og dei blir ikkje rekna som å ha ein etablert bestand i landet.
Reiret vert lagt opent til. Avosetten kan danna koloniar med meir enn 100 par.
Avosett blei utrydda i Storbritannia i 1840. Etter at han gjenetablerte seg ved fuglereservatet Minsmere i Suffolk i 1947 blei fuglen del av logoen til fuglevernorganisasjonen Royal Society for the Protection of Birds (RSPB). Fuglen blei også avbilda på eit britisk frimerke i 2007.