Australdvergdukkar | |
Australdvergdukkar, januar 2012 Foto: JJ Harrison
| |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av Australdvergdukkar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Podicipediformes |
Familie: | Dukkarfamilien Podicipedidae |
Slekt: | Tachybaptus |
Art: | Australdvergdukkar T. novaehollandiae |
Vitskapleg namn | |
Tachybaptus novaehollandiae Stephens, 1826
|
Australdvergdukkar (Tachybaptus novaehollandiae) er ein liten medlem i dukkarfamilien i som lever i ferskvatn på kontinentet Australia–Ny-Guinea, på New Zealand og på nærliggande øyar i Stillehavet.
Australdvergdukkarar er 25-27 centimeter i lengd og veg om lag 220 gram. Nebbet er rett og stutt. I hekkedrakt er dei mørk gråbrune på overida med eit glansa, svart hovud. Dei har eit slåande kastanjefarga band som strekkjer seg frå bak auget, og bakover og halvvegs ned på halsen. Auga er gule, og dei har eit fremtredande bleikgult hudfelt mellom auget og nebbet. Halen er lys og dunaktig.
Ikkje-hekkedrakta er generelt mindre fargerik, manglar det kastanjebrune bandet, kinna under auga, strupe og hals er gråkvitt, i kontrast til mørk hette. Kroppsidene er meir brunlege.
Hovudutbreiingsområdet er særleg Australia med Tasmania. Men dei finst òg frå Java til Ny-Caledonia. Etter ca. år 1970 har dei òg spreidd seg til fleire stader på New Zealand,[1] men berre med små populasjonar. Den totale populasjonen er aukande.[2]
Denne dukkararten vil dukke og skjule seg nær vegetasjon når han blir uroa. Han beitar på sniglar, vassinsekt og fisk.