Aurora Aksnes | |||
| |||
Fødd | 15. juni 1996 [1] (28 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Stavanger kommune | ||
Fødenamn | Aurora Aksnes | ||
Alias | AURORA | ||
Opphav | Noreg | ||
Aktiv | 2012– | ||
Sjanger | alternativ musikk, indiepop, synthpop, pop, nordisk folkemusikk, folktronica, indierock, danse-pop, alternative dance, balkanpop, mørk pop | ||
Instrument | piano, vokal, akustisk bassgitar, harpe, tangentinstrument, trommesett, feltopptak | ||
Plateselskap | Decca Records, Glassnote Records | ||
Verka som | songar-låtskrivar, musikkprodusent, dansar, musikar, pianist | ||
Prisar | Spellemannprisen for årets nykommer, Spellemannprisen for årets popsolist, Spellemannprisen for årets musikkvideo, Spellemannprisen for årets internasjonale suksess, P3-prisen |
Aurora Aksnes (fødd 15. juni 1999 i Stavanger)[2] er ein norsk songar og låtskrivar frå Os[2] kjend under artistnamnet AURORA. Ho er signert til plateselskapa Decca Records, Glassnote Records og Petroleum Records.[3]
Aurora vart i 2014 nominert som årets nykomar i P3 Gull.[4] Den 6. november 2015 gav ho ut singelen «Half the World Away», som er ein coverlåt av ein Oasis-song frå 1994. Singelen nådde ellevteplass på den britiske singellista. Den 11. desember 2015 framførte ho tre songar på Nobels fredspriskonsert på Telenor Arena; «Murder Song (5, 4, 3, 2, 1)», «Half the World Away» og «Runaway». Under Spellemannprisen 2015 vart ho kåra til årets nykomar og fekk dimed Gramostipendet på 250 000 kroner.[5] Ho var dessutan nominert under klassa årets låt for «Running with the Wolves».[6] Songen hennar «Conqueror» var med i det populære fotball-videospelet FIFA 16.[7] I januar 2016 vart ho av Rolling Stone lista som éin av ti nye artistar ein burde kjenna til.[8]
Den 11. mars 2016 vart debutalbumet hennar, All My Demons Greeting Me as a Friend, gjeve ut. For albumet vann ho Spellemannprisen 2016 i klassa popsolist, og vann i tillegg klassa årets musikkvideo for videoen «I Went Too Far» regissert av Arni & Kinski. Albumet var dessutan nominert til årets album.[9]
Det andre studioalbumet til Aurora, Infections of a Different Kind (Step 1), vart gjeve ut den 28. september 2018 og var planlagt som del éin av ein serie. Det andre albumet i serien, A Different Kind of Human (Step 2), vart gjeve ut den 7. juni 2019.[10] Ho vart nominert til Spellemannprisen 2018 i klassa årets musikkvideo for videoen «Queendom» frå Infections of a Different Kind (Step 1), regissert av Kinga Burza.[11]
I november 2019 vart filmmusikken til animasjonsfilmen Frost 2 av Disney gjeven ut, der Aurora tok del med bakgrunnsvokal på låten «Into the Unknown».[12] Ho stod også for stemma til The Voice i filmen. Låten vert sunge av stemmeskodespelar Idina Menzel. I den norske versjonen av filmen er låten omsett til «I ukjent land» og er sunge av Lisa Stokke. Oscarakademiet kunngjorde den 20. januar 2020 at låten var nominert i kategorien Beste originalmusikk.[13] Den 23. januar 2020 vart det kjent at Aurora og Idina Menzel skulle framføra låten under den 92. Oscarutdelinga som fann stad den 9. februar 2020.[14] Etter framvisinga på prisseremonien fekk Aurora gode tilbakemeldingar frå internasjonal presse.[15][16] Under Spellemannprisen 2021 vann ho klassa for årets internasjonale suksess.[17]
I januar 2022 gav ho ut sitt tredje album, The Gods We Can Touch. Ho fekk P3-prisen under P3 Gull 2022 og fekk tre nominasjonar ved Spellemannprisen 2022 for albumet og låten «A Temporary High».[18][19]