Aubergine | |
Aubergine | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Solanales |
Familie: | Søtvierfamilien Solanaceae |
Underfamilie: | Solanoideae |
Stamme: | Solaneae |
Slekt: | Søtvierslekta Solanum |
Art: | Aubergine S. melongena |
Vitskapleg namn | |
Solanum melongena |
Aubergine, eggfrukt eller eggplante (Solanum melongena) er ein plante i søtvierslekta med frukter som blir brukte som grønsak. Han er i slekt med tomat og potet, men blei til forskjell frå desse først dyrka i Asia. I 2018 blei 87 % av alle auberginar i verda dyrka i Kina og India.
Planten blei opphavleg domestisert frå den ville søtvierplanten S. incanum,[1][2][3] truleg i to ulike domestiseringar, ei i Sør-Asia og ei i Aust-Asia.[4] Det finst to liknande, nærskylde matplantar, S. aethiopicum og S. macrocarpon, som særleg er blitt dyrka i Afrika.[5]
Aubergine-planten er fleirårig, men blir ofte dyrka som eittårig. Han dannar ein forgreina busk som kan bli opptil 2 meter høg.[6] Han har ei lang pålerot.[6] Blada er store og lett flika.[7] Stilkar og blad har tett hårdekke og stilkane kan også ha torner.[6]
Blomane er typisk lilla og ein sjeldan gong kvite. Hermafrodittiske blomar med ein diameter på 3-4 cm sit vanlegvis einsleg på ein 1-3 cm lang stilk. På same blomestand kan det også sitja mindre hannblomar.
Frukta er botanisk sett eit bær. Ho har eit skinande skal, og kan ha ulike fargar, former og storleikar. Ein aubergine kan vera rund, pæreforma eller avlang som ein agurk.[8] Skalet kan vera mørkelilla til svart på farge, men lyselilla, kvite, raude og gule former finst òg.[8] Nokre variantar har striper.[7] På ville plantar har frukta ein diameter på under 3 cm, men dyrka variantar kan vera mykje større, med breidde på 2-20 cm og lengder på 2-30 cm. Inni er fruktkjøtet lyst med ein svampaktig, tørr konsistens. Det har langsgåande rader med små kjerner.[8]
Aubergine blir som regel eten kokt, steikt eller grilla, men nokre asiatiske kultivarar blir etne rå.[6]
Aubergine er ein viktig ingrediens i rettar som levantinsk baba ganoush, gresk moussaka, italiensk parmigiana og fransk ratatouille. I India er aubergine kjend som kongen av grønsaker og blir brukt i karri, dal og most til stuing. Han kan serverast i lag med kjøt eller i staden for kjøt i vegetarisk og vegansk mat.
100 gram aubergine inneheld ca. 4 mg vitamin C, 240 mg kalium, 2,3 g kostfiber, 92 % vatn og 74 kJ tilført energi.[8]
Land | Produksjon (millionar tonn) |
---|---|
Kina | 36,6 |
India | 12,8 |
Egypt | 1,3 |
Tyrkia | 0,8 |
Indonesia | 0,6 |
Verda | 56,6 |
Kjelde: FAOSTAT ved Dei sameinte nasjonane[9] |
I 2020 blei det produsert 57 millionar tonn aubergine. Den største prodsent var Kina med 65 % av totalen, følgd av India med 23 %.