Ask kyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: J.P. Fagerback | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Askøy | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Bjørgvin | ||
Prosti | Vesthordland | ||
Sokn | Ask | ||
Fellesråd | Askøy | ||
Arkitekt | Hartvig Sverdrup Eckhoff | ||
Teknikk | Lafteverk (tårn i bindingsverk) | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 8. oktober 1908 | ||
• Endringar | Rest. 1954–55 ved Torgeir Alvsaker | ||
Tårn | I søraust | ||
Kor | Polygonalt avslutta | ||
Klokker | 1, O. Olsen & Søn (1908) | ||
Kyrkjegard | Ja | ||
Preikestol | (1908) | ||
Døypefont | (1954) | ||
Altartavle | Julius Holck (1908) e. Marcus Grønvold | ||
Orgel | Olsen & Jørgensen 1914 (frå Strusshamn 1964) | ||
Sitjeplassar | 275 | ||
Diverse | Glasmåleri (Peter og Paulus) av G. Rognaldsen (1933) | ||
Ask kyrkje 60°28′37″N 5°12′45″E / 60.47690389°N 5.212455°E | |||
Wikimedia Commons: Ask kirke |
Ask kyrkje er ei langkyrkje i Askøy kommune i Vestland fylke. Ho vart vigsla 8. oktober 1908 og restaurert i 1954–55. Skipet, koret og sakristia er i lafteverk, medan tårnet er i bindingsverk. Orienteringa er frå søraust mot nordvest.
Altartavla har eit bilete av Jesus i bøn, måla i kopi etter altartavla i Johanneskyrkja i Bergen. I to korvindauge er glasmåleri av Peter og Paulus. Desse er laga av firmaet Rognaldsen i Bergen. Preikestolen er på alder med kyrkja, men vart flytta til nordvestveggen i skipet i 1954–55 (med oppgang gjennom veggen frå sakristiet). Den opphavelege døypefonten var «berre eit simpelt stativ»[1], og kyrkja fekk ny døypefont i 1954. Han er teikna av Torgeir Alvsaker. Orgelet (Olsen & Jørgensen, 1914) kom frå Strusshamn kyrkje i 1964. Kyrkjeklokka er støypt av O. Olsen & Søn.
Kyrkja står i det nordre hjørnet av den delvis terraserte kyrkjegarden.