Pløying med hestar.

Arbeidshest er ein hest som vert nytta til arbeid som gardsarbeid, skogsarbeid, transport og liknande.

Heilt frå arilds tid og fram til 1960-talet vart det nytta hestar i landbruket, både i Noreg og mange andre land. Sjølv om det vart importert nokre traktorar før 1. verdskrigen var det fyrst på 1920-talet at hestane fekk reell konkuranse av traktorane og på små bruk var det ikkje før på 1950-talet at traktorane erstatta hestane. I fleire tiår vart hestar og traktorar nytta side om side. I skogbruket vart det fyrast på 1950-talet at traktorane tok til å konkurrera ut hestane.

Hestetypar

Ardennarhest.
Fjording.

Fjording

Fjordhesten er ein lett hest, med ei høgd på 1,35 m til 1,55 m. Han er lett å kjenna att på den blakke farga og det ståande fakset. Fjordingen var viktig i norsk landbruk, spesielt på Vestlandet.

Gypsy vanner.

Percheron

Perceron.

Percheron er ein rase som art avla fram i området rundt Mortagne-au-Perche i Normandie i Frankrike700-talet. Percheron er ein stor hest, med ei høgd på 1,65 til 1,85 m og ei vekt på 900 til 1200 kg. Farga er grå, ofte med flekkar, eller kvit. Kroppen er kompakt og muskuløs, med krafige føter. Hesten framstår elegant, noko som skuldast innkryssing av arabarhest700-talet.

Det er ein sterk arbeidshest som kan dra tungt og arbeida stødig. Han er godlynt og lettkjøryd og høver like godt for jordbruk og skogbruk som til kjøyrehest.

Arbeidsoppgåver

Ein finn arbeidshestar i jordbruks-, skogbruks- og transporthistorie.

I jordbruket

Kjelder

Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya ((tr)) etter påstanden. (2021)

Sjå òg