Aplonis | |
Metallstare, Aplonis metallica Foto: Greg Hume
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Starefamilien Sturnidae |
Slekt: | Aplonis Gould, 1836 |
Aplonis er ei biologisk slekt av starar. Desse er i hovudsak øyaartar på Indonesia, Oseania og Australasia, nokre artar har jamvel utbreiing til Malayahalvøya, sørlege Vietnam, og nordaustlege Queensland. Fjørdrakta åt den typiske, vaksne Aplonis-staren er ganske jamt farga i svart, brun eller mørk grøn, nokre gonger med ein metallisk glans. Augeringen er ofte tydeleg farga. Ungfuglar av fleire artar har bleik underside med mørke striper.
Fleire artar har avgrensa utbreiingsområde, og som andre øyendemiske artar er dei blitt trua eller utrydda som følgje av tap av leveområde eller introduserte pattedyr som rotter.
Aplonis-starar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.6 frå august 2011[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]