Ane er eit personnamn som kan ha fleire ulike opphav. Som kvinnenamn kan det vera ei dansk diminutivsavleiing av Anne, eller ei kortform av namn som endar på -ane, som Kristiane. Ane kan også vera eit frisisk kortform av namn med førsteledd frå germansk arn-.
Nærskylde kvinnenamn er Anette, Anita, Anja, Ann, Annie og Anniken. Arne er eit nærskyld mannsnamn.
Ane er eit svært vanleg namn på Grønland.
Ane var eit vanleg namn i Noreg på 1700- og 1800-talet. Namnet var også mykje brukt for nyfødde jenter på 1980- og 1990-talet.