Amos

Fødd 814 f.Kr.
Tekoa i Gush Etzion
Død

740 f.Kr.

Yrke profet, bonde
Religion Yahwisme
Amos på Commons

Profeten Amos var ein profet i Bibelen. Han har gjeve namn til Amos bok. Amos var fødd i Tekoa og levde der som gjetar før han fekk profetkall. Han vert rekna til dei 12 «små profetane» i Bibelen og ein trur at han levde i perioden frå omkring 800 f.Kr. til omkring 750 f.Kr. I Amos-boka i Bibelen heiter det at han sette fram sine syner då Ussia var konge i Juda (786–746 f.Kr.) og Jeroboam II var konge i Israel (783–743 f.Kr.).

Sjølv om han var fødd i Juda rike, kom han med profetiane sine i rikstemplet i Betel som ligg i dåverande Israel eller Nordriket, som det også vert kalla. Begge rikene var på høgda av si materielle makt, rikfolk hadde både sommarhus og vinterhus, mens fattigfolk leid naud.

I denne situasjonen kom Amos som ein domsprofet. «Gjer deg rede til å møte din Gud» er bodskapen hans under den store haustfesten i Betel. Øvstepresten i Betel, Amasja, trua han til å slutte med sine profetiar, og Amos vart også skulda for å ville styrte kong Jeroboam.

Litteratur

Bakgrunnsstoff