Alaska-yupik
yupik
Bruk
Tala i USA
Alaska-yupiktalande i alt ca 10 000
Skriftsystem Det latinske alfabetet
Språkkodar
ISO 639-2 ypk
ISO 639-3 esu

Alaskayupik (også kalla yupik, yup'ik, or sentralyup'ik) er eit yupikspråk i den eskimoisk-aleutiske språkfamilien. Språket blir snakka i dei vestlege og sørvestlege delane av Alaska. Både målt etter talarar og etter medlemer i den etniske gruppa er alaskayupik det største språket snakka av urfolk i Alaska.

Omtrent 14 000 av dei omtrent 23 000 sentralalaskiske yupikane snakkar språket.[1] Yupik er førstespråk for ungane i ca. 17 av dei 68 yupiklandsbyane. Desse ligg hovudsakleg langs det nedre løpet av Kuskokwim-elva, på Nelson-øya og langs kysten mellom desse.

Alaskayupik har fem hovuddialektar:

Skrift

[endre | endre wikiteksten]

Ei eiga stavingsskrift for språket, yugtunskrift, blei utvikla av yupiktalaren Uyaquq rundt 1900. I dag blir språket nesten utelukkande skrive med latinske bokstavar.[2] På 1960-talet utvikla Irene Reed og andre ved Alaska Native Language Center ein praktisk ortografi. Tidleg på 1970-talet blei eit tospråkleg utdanningsprogram innført i fire yupiklandsbyar i Alaska. Sidan er det gjeve ut fleire verk på yupik eller yupik og engelsk, som ei omfattande ordbok og ein undervisingsgrammatikk av Steven Jacobson, ein roman av Anna Jacobson og fleire samlingar av soger og liknande.

Fonologi

[endre | endre wikiteksten]
bilabial alveolar post-
alveolar
lateral velar uvular
nasal m /m/ ḿ /m̥/ n /n/, ń /n̥/ ng /ŋ/, ńg /ŋ̊/
plosiv p /p/ t /t/ c /tʃ/ k /k/ q /q/
frikativ vv /f/, v /v/ ss /s/, s /z/ ll /ɬ/, l /l/* y /j/* gg /x/, g /ɣ/
w /xʷ/, ug /ɣʷ/
rr /χ/, r /ʁ/
urr /χʷ/, ur /ʁʷ/

* l og y er ikkje frikativar, fonetisk sett, men l oppfører seg som (dei andre) frikativane i systemet. y oppfører seg som ein frikativ i dei andre eskimoskpråka.

Frikativar (og l) blir ustemt rett før og etter ein plosiv.

Geminate (lange) konsonantar blir ikkje skrive med dobbel konsonant, slik dei t.d. blir i grønlandsk, men med einsom i namnet Yup’ik. Dette blir skrive med dobbel p i grønlandsk,. juppik.

Yup'ik har tre vokalar, a i u, som også kan vere lang, aa ii uu, pluss ein schwa /ə/ skrive e. Vokalane i u blir senka til [e o] framfor ein uvular konsonant q eller r eller framfor bakre a. Til skilnad frå grønlandsk blir ikkje dei senka variantane skrive med e eller o.

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Yuungnaqpiallerput – The Way We Genuinely Live – Masterworks of Yup'ik Science and Survival». Henta 3 July 2015. 
  2. Entry in The Blackwell Encyclopedia of Writing Systems, arkivert frå originalen 25. april 2015, henta 1. mai 2017 

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.