Aegolius | |
Perleugle, Aegolius funereus Foto: Wikimedia-brukar Mdf
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Ugler Strigiformes |
Familie: | Uglefamilien Strigidae |
Slekt: | Aegolius Kaup, 1829 |
Aegolius er lita ei biologisk slekt av ugler som samlar fire artar. Tre av artene er avgrensa til «den nye verda», men perleugla har ei sirkumpolar utbreiing på tvers av Nord-Amerika og Eurasia.
Desse er i hovudsak nattaktive skogsugler i tempererte eller kaldare klima, dei to nordlege artane, slipeugle og perleugle hekkar i barskog, svartbrynugle i Sør-Amerika, kanelugle i Sentral-Amerika hekkar i tåkeskog eller eikeskogar.
Dette er standfuglar, men dei nordlege artane vil i det minste nokre gonger trekke sørover eller til lågare høgder om hausten. Rørslene er vanskeleg å overvåke på grunn av problem med å oppdage desse nattlege uglene utanfor hekkesesongen når dei ikkje læte.
Aegolius-ugler er små, stumpe, korthala med breie venger. Artane varierer i området 18-27 cm i lengd. Dei er mørk brune eller svarte på oversida, og kvitaktig eller brungule under, merkt med striper eller flekkar i dei to nordlege artane. Hovudet er stort, med gule auge og ein veldefinert «tallerken» i andletet. Flukta er sterk, smidig og direkte.
Desse uglene tar hovudsakleg gnagarar og andre små pattedyr som byttedyr, men vil òg beite på fuglar, flaggermus, insekt og andre virvellause dyr i samsvar med kva som er tilgjengeleg.
Aegolius-ugler hekkar i hòle tre og legg fleire egg i kullet. Dei har læte av gjentatte fløytetonar i hekkesesongen.
Aegolius-ugler i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.7 frå september 2012[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]