Abd al Kuri | |||
عبد الكوري | |||
øy | |||
Fotografi av NASA-astronautar
| |||
Land | Jemen | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Hadhramaut guvernement[1] | ||
Del av | Socotra Archipelago | ||
Koordinatar | 12°11′N 52°14′E / 12.183°N 52.233°E | ||
Høgaste punkt | Ṣāliḥ[2] | ||
- høgd | 700 moh. | ||
Lengd | 36 km | ||
Areal | 133 km² | ||
Folketal | 450 [3] | ||
Folketettleik | 3 / km² | ||
Abd al Kuri 12°11′00″N 52°14′00″E / 12.183333333333°N 52.233333333333°E | |||
| |||
| |||
Wikimedia Commons: Abd al Kuri | |||
Abd al Kuri (arabisk skrift عبد الكوري) er ei steinete øy kring 105 km sørvest for Socotra i Indiahavet.[2] Ho er ein del av Socotraøyane[2] i Hadhramaut guvernement i Jemen,[1] men ligg geografisk nærmare Somalia.[2] Øya består av granitt og dioritt dekt av kalkstein.[4]
Mykje av Abd al Kuri er halvørken med lite vegetasjon.[2] To åsrekkjer strekkjer seg langs heile øya.[5] Nordkysten består for det meste av ei sandstrand med nokre få klipper, medan sørkysten består av bratte klipper.[5][6] Det høgaste punktet, Ṣāliḥ, har ei høgd på over 700 meter over havet. Dei fleste innbyggjarane lever av fiske.[2] Den største landsbyen på øya er Kilmia.[7]
Abd al Kuri har fleire endemiske planter[2] og ein endemisk fugl, Abd al-Kuri-sporven, som ein trur det finst færre enn tusen av.[8][9][10]