22. juli-kommisjonen (òg kalla Gjørv-kommisjonen) var ein regjeringsnedsett uavhengig kommisjon som vart oppretta som følgje av terrorangrepa i Noreg 22. juli 2011. Avgjera om å oppretta utvalet vart teken av regjeringa i eit møte onsdag 27. juli, men ho vart òg teken i samråd med alle opposisjonspolitikarane på Stortinget. Målet til den uavhengige kommisjonen var å gje svar på kva som skjedde 22. juli 2011.

Kommisjonen skulle ikkje vera ein granskingskommisjon, men gje ei samla framstilling av kva som skjedde denne dagen i Regjeringskvartalet og på Utøya, og dessutan å gje tilrådingar ut frå det kommisjonen fann ut.

I statsråd fredag 12. august 2011 vart Alexandra Bech Gjørv oppnemnt som leiar for 22. juli-kommisjonen. Kommisjonen vurderte habiliteten til medlemmane og sjølvstende og fann at kommisjonen var habil. Professor i forvaltningsrett ved Universitetet i Oslo, Erik Boe, skreiv ein betenking og kom til same konklusjon.[1]

22. juli-kommisjonen overleverte og offentleggjorde sin endelege rapport, NOU 2012: 14, «Rapport frå 22. juli-kommisjonen», måndag 13. august 2012.[2]

Medlemmar

[endre | endre wikiteksten]

Kommisjonen hadde mellom anna representantar frå politi, rettsvitskap, forsking og medisin:

Sekretariat

[endre | endre wikiteksten]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Hele terrorkommisjonen vurderes som habil». Aftenposten.no. 
  2. 22. juli-kommisjonen offentliggjør rapport mandag 13. august 2012, arkivert frå originalen 17. juni 2016, henta 11. desember 2018 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]