1968-generasjonen eller sekstiåttarane er eit omgrep nytta på den radikale generasjon av studentar i 1968 og dei etterfølgjande åra.

Det skjedde mykje på den verdspolitiske scena i 1968. Martin Luther King jr. og Robert F. Kennedy vart drepne, det var «Prahavår» i Tsjekkoslovakia, opptøyar i Paris og verda såg ei bølgje av studentdemonstrasjonar som blant anna enda i Tlatelolcomassakren i Mexico.

Noreg såg ikkje det same studentopprøret i 1968 som i mange andre land, og det var ikkje før i 1970, med Rød Front si overtaking av Det Norske Studentersamfund, at ein såg ei klar radikalisering av norsk studentliv.

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]

Kjelde

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]