Andrea Palladio | |
Statsborgarskap | Republikken Venezia |
Fødd | november 1508 Padova |
Død |
ca. 19. august 1580 (71 år) |
Yrke | arkitekt, kunstteoretiker |
Språk | italiensk, venetiansk |
Medlem av | Accademia delle Arti del Disegno |
Ektefelle | Allegradonna |
Andrea Palladio på Commons |
Andrea Palladio, fødd Andrea di Pietro della Gondola, (30. november 1508–19. august 1580) var ein italiensk arkitekt.[1]
Han vart fødd i Padova i republikken Venezia, og arbeida med steinhogging. Humanisten Giangiorgio Trissino såg talentet hans, og støtta han, i tillegg til å gjeva han kallenamnet «Palladio» etter Pallas Atene som er den greske gudinna for visdom. I 1541 vitja han Roma der han studerte oldtidas arkitektur, som gjorde eit djupt inntrykk på han.
Han er kjend for kyrkjene sine, palass og især villaar. Mange av bygningane hans vert funne i eller nær adoptivbyen hans Vicenza. To av Venezia sine store kyrkjer San Giorgo Maggiore og Il Redentore er teikna av Palladio.
Boka til Palladio I Quattro Libri dell'Architettura uttrykkjer hans prinsipp: forhold, symmetri, bruk av antikke modellar og attgjev bygningsteinkningar av mange av prosjekta hans. Dei var grunnlaget for palladianismen, ei viktig arkitekturrørsle i det 18. hundreåret, som beundra Palladio og freista å etterlikna arkitekturformane hans.
Arkitektar dreg ofte på pilegrimsferd til Palladio sine villaar for. inspirasjon og læring.
Boka til Witold Rybczynski The Perfect House, Det Perfekte Huset beundrar arkitekturen hans.
Nokre av Palladio sine villaar har kome inn på UNESCO si verdsarvliste.[2]